ØYSTEIN VESTRE

 

telefon: 22 61 01 01 mob:412 16 628

mail:      oystein@fabellatores.no

 

 

 

Fortel, fortel:


Eg har alltid vore glad i å fortelje. Det kan vere små hendingar frå då eg var liten, eller det er om folk eg likar og set pris på. Det kan vere freistande å overdrive litt stundom, men er ikkje det greitt då?
Eg er også glad i å høyre andre fortelje - kven er ikkje det. Eg veit ikkje kor mange gonger eg bad mor om å fortelje om korleis det var då ho vaks opp. Så no trur eg at eg kjenner den historia.
Og når bestemor las eventyr, særleg "Kverna som står og maler på havsens botn", då fanst det ikkje noko som var betre.

Men dette var for lenge sidan. Åra har gått og... eg er framleis ikkje vaksen. Eg tykkjer "Kverna som står og maler..." er like god den dag i dag. Ja både den historia og hundrevis, tusenvis av liknande eventyr og historier tykkjer eg er minst like, for ikkje å seie meir, spanande no som då. Og det trur eg vi alle kanskje gjer inst inne - og kanskje er det fordi vi kjenner på oss at eventyra, mytene osb, eigentleg er heilt sanne. Dei fortel oss noko som handlar om oss sjølve, om det å bli menneske.

 

Erfaring:
Då eg var ferdig med lærarskulen i 1992, byrja eg å undervise på Steinerskolen. Der har forteljing vore ein del av metoden sidan denne skuleforma starta opp i 1919. Det var ei spanande og lærerik erfaring. Eg lærte sikkert like mykje som elevane, både av eventyr og historie.
Etter å ha losa klassen gjennom barneskulen, tok eg forteljarkunst på Høgskolen i Oslo. Og sidan det har eg arbeidd meir eller mindre fast som forteljar.

Frå våren 2001 kom eg med i Fabellatores Fortellerteater sitt prosjekt "ARR" og er no i full sving med det. Vi har turnert med denne forestillinga i fleire fylke i Sør-Noreg.

Elles har eg tatt einskildoppdrag. Det har vore som forteljar for skuleklasser, på bibliotek, institusjonar og i andre samanhengar. Eg har hatt kurs for lærarar og andre interesserte som vil arbeide med forteljing i samband med undervisning og anna formidling.

 

 

Kva eg fortel:
Det meste som kan bli fortalt og som folk vil høyre. Hovudsakleg har eg konsentrert meg om det som tradisjonelt har gått frå munn til munn, som eventyr, fablar, segner, legender og myter. Andre typar historier, t.d. livshistorier er også eit spanande område.
Eg kan skreddarsy program og kurs utfrå ynskje og behov.

 

 

 

 

 

 

                             "De andre"

 

 

Meny

Om oss

 

Hva tilbyr vi

 

Prosjekter

 

Kontakt oss

 

Utenfor "Huset"

 

 

- Forside -

Fortellere

Per Jostein Aarsand

Georgiana Keable
Øystein Vestre
Beathe Frostad
Amir Mirzai
Charlotte Øster

Raymond Sereba

- Kontakt oss -

Telefon: 0047 98 62 95 20
Epost: post(at)fortellerhuset.no
Postadresse: Ekebergveien 13, 0192 Oslo